Før og no

I gamal tid vart rakfisk produsert for å bevare maten over lenger tid. Dagens produksjon er ganske lik, og med moderne hjelpemidlar lager vi ein rakfisk med særs jamn kvalitet i smak og konsistens.

Auren blir fyrst rensa og vaska. Ved nedlegging blir fisken turrsalta med skinn og hovud på, og 1-2 døgn seinare blir spannet fylt etter med lake.

forognaa

 

Gode oppvekstvilkår
Fisken går i reine sjølvrensande romslege dammar med rikeleg oksygenrikt vatn som strøymer slik at fisken får god mosjon. Omsorgsfull foring der alt blir lagt til rette for at fisken skal ha ein fin oppvekst, slik at den blir i passeleg hold. Foret består av pellets, der kvalitet og sporbarheit dekker våre krav. Det har aldri vore brukt medisin på fisken.

CIMG1049

Fagmiljøa ved Nofima og Matmerk har gjennom mange år bidrage med god kompetanse. Vi har også eit godt samarbeid med Mattilsynet i Valdres, som tar rutinemessige stikkprøvar. Vårt eige interne kvalitetssikringssystem (IK- mat) er kontroll av alle trinna i vår produksjonsprosess. Produksjonslokalane er inndelt i soner, har overtrykk og tilførast UVC- rein luft. Etter reinhald av lokalane og utstyr, blir det desinfisert med UVC- lys.

Raskt i butten
Etter avliving som skjer ved opptak frå dammen, blir fisken flytta til vårt moderne foredlingslokale. Innan 1 time er fisken vaska og reingjort, og klar for butten. Vi nyttar erfaring frå generasjonar med nåtidas hjelpemidlar, og krav til kvalitetssikring. Modning føregår under automatisk temperaturregulering med dagleg kontroll.

Modning
Vi har 3 modningsgrader, mild, lagra og vellagra med variasjon i kvar grad etter kundens ynskje. Alle trinn i prosessen er kvalitetssikra. Der rutinar og prosedyrar er innskjerpa slik at all fisk skal ende med vår jamne kvalitet. Vår arbeidsmoral er: ”Ein fornøygd kunde er vår sikkerheit”. Rakfisken skaffar oss eit praktfullt vennskap.

Vakumpakking
Heil, skinnfri og filetert fisk blir vakumpakka når fisken er moden, slik kunden ynskjer det.

Bestilling på vår bestillingsside.