Rakefisktartar

Rakfiskoppskrifter er det ingen problem å finne, då mange har det som ein hobby å eksperimentere med dette. Vi tek likevel her med eit par enkle oppskrifter som vi har brukt.

Rakefisktartar med Valdreskaviar og rømmesaus
(4 personar) Oppskrift ved kokk Petter Müller

200g reinsa rakfisk
50g sylteagurk
50g lauk
1 eggeplomme
salt og peppar
paprikasaus eller krydder
Valdreskaviar (sikrogn)

Rømmesaus:
2-5dl rømme
kvitlauk
purrelauk

Alt finhakkast med kniv eller hurtigmiksar. Anrett tartaren på kald rømmesaus, smakt til med kvitlauk og finhakka purrelauk. Pyntast med laukring og Valdreskaviar av sikrogn.

Rakefisktartar
Småhakka rakefisk
Småhakka lauk (gjerne purrelauk)
Blandast med Crème fraîche eller rømme.

For variasjon og meir spenning, ta med i blandinga:
Hakka raudbetar
Hakka sylteagurk
Litt aromatkrydder
Kanskje kapers

Rør saman eller køyr i hurtigmiksar. Nytast saman med flatbrød/ertebrød, lefse eller loff. Det er berre fantasien som set grenser for variasjonane.