Rakørret med lefse

Rakørret med lefse, smurt med godt smør. Nykokte mandelpoteter, flatbrød og litt rømme høyrer med.

Potet, lefse, flatbrød og ekte smør passar godt, og gjerne litt rømme. Vi anbefaler ikkje lauk, eller noko med sterke lukter. Ein god rakfisk har ein fin eim, og det er den du skal kose deg med i tillegg til reinheita i smaken til ein perfekt fisk. Eit rakfiskmåltid skal vera noko spesielt. Oppvekstvilkåra, omtanken for fisken, arbeid og rutinar, der ingenting er overlate til tilfeldigheita gjer dette til ein nytelsesrik og velsmakande rakfisk.

Øl og dram har alltid vore ein tradisjon til rakfisken, men mange foretrekk alkoholfri øl eller vin til – mjølk smakar også godt.

Nokon spesiell akevitt eller ølslag er vanskeleg å anbefale, men som vintips har vi:

Hvitvin:
835 Viña Esmeralda 2002/2003
34784 Loosen Riesling Kabinett 2001
33003 Rosemount Gtr 2003