Hytteutleie

Vi har ei nyrestaurert hytte til utleige. Stogo, spisekrok, kjøkken (med oppvask/vaskemaskin), bad med badstue og gang i 1. etasje. I 2. etasje er det to soverom, kvar med 150cm brei dobbeltseng og sofa. Det er og ei barneseng på eit av romma. Straum og ved er inkludert i husleiga. Vi har og ein båt som fritt kan brukast, om ein betalar bensin sjølv.

Gode fiske- og turmoglegheiter. Utanom fisken og sauene har vi to hestar; araber og fallabella (verdens minste hesterase). I Vestre Slidre har vi Slidredomen (4 Km), ei steinkyrkje frå 1170-talet – Lomen stavkyrkje, Einangssteinen (8 Km), Gardbergfeltet (stort gravfelt) og elles mykje interessant.

Vi ligg sentralt til for turar, for eksempel 10 km til Vaset skiheis etter panoramavegen. Valdres folkemuseum på Fagernes 18 km. Beitostølen eller Filefjell er og moglege utfartsstader. Ellers fint for dagsturar til Vestlandet eller Lillehammer.

CIMG0382CIMG0381CIMG0387CIMG0379