Handes Rakfisk

Vi har følgande produkter du kan velge mellom:

3kg spann /5kg spann / 10kg spann

 

Filetert vakuumpakka / Skinnfri vakuumpakka / Heil vakuumpakka. Vi kan filetere i større oser til lag og store tilstellinger, eller ferdig til servering lagt på brett vakumpakka.

orret_hel-stor_

orret_hel-skinnfri_

 

 

Serveringsforslag

Rakfisk kan serverast på uttallege måtar. Det er ypperleg til både kvardag og fest.
Vi har laga nokre forslag som du kan se på i menyen til venstre.

handes_rakaure

Planlegg litt angåande modning, val av mild, lagra eller vellagra fisk. Det er viktig å ikkje velja for sterk fisk, når ein skal servere nybyrjarar. Klargjer fisken 1 time før servering. Den smakar og luktar best ved romtemperatur. Det er enkelt å ta av skinnet.

Klargjering av fisken
Før peikefinger inn ved buken, mellom kjøttet
og skinnet, dra fingeren fram og tilbake opp til ryggen, gjenta på andre sida.

Ta tak i hovudet på fisken med eine handa, og skinnet med den andre – og dra skinnet bakover. Napp ut finnar.

Skjær av hovudet og spolen, og stuss litt i buken og ryggen. Kutt opp fisken i løter.
Skarp kniv er bra, men saks er best.

Filetar lagar du like lett
Grip om kjøtt og bein med eine handa, før fingrane mellom bein og fiskekjøttet
og skli fileten frå beinet med andre handa.