Om oss

Randi Berit og Knut på Nedre Hande, ein middels stor gard i Vestre Slidre.

oss_paa_hande

Garden ligg ned til Slidrefjorden. Vi driv tradisjonelt med sau, rundt 100 vinterfora, 1 hest. I tillegg driver vi med litt hytteutleige til turistar og andre besøkande. Men det er fiskeoppdrett og rakfiskproduksjon som har fyrsteprioritet.

Garden har rike fisketradisjonar både heime og på stølen. Slidrefjorden, Grønsennvatnet og Store Flyvann var veldig gode fiskevann. Difor var det naturleg å videreutvikle dette og gjera eksistensgrunnlaget på garden meir sikkert.

Fyrst starta vi oppdrett med not ute i fjorden. I 1990 flytta vi fisken inn på land i støypte dammar bygd som bollar. Det gjer også ein betre fisk for når ein tilfører rikeleg med vatn held det seg reint og fisken får god trim.

rakfiskbonde

Det er sjølvsagt kvaliteten på fisken som er sjølve grunnlaget for den gode rakfisken (meir om produksjon her). Vi har ei dotter som har gått gradvis i drifta og som skal føre dette vidare. Meir om oss etter som sidene vert oppdaterte.

Rakfiskbonde med bachelor grad i akvakultur i frå Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås. Det er svært nyttig i forhold til å produsere rakfisk og det som følgjar med.

Hande Gard-fisk er medlem av Hanen- bransje -og markedsorganisasjonen for bygdeturisme og gardsmat. Vi er i tillegg medlem av Bondens Marked.